"Rett på sak"
For ungdom kan sakprosabøker spela ei viktig rolle for å orientera seg i ei kompleks verd og i samfunnet dei er ein del av, men òg som ei god leseoppleving i seg sjølv. Gjennom litterære møte med sakprosaforfattarar om relevant tematikk kan kunnskapen og perspektiva utvidast. Vi håpar de vil vera med på å gje dei ei god leseoppleving.
På biblioteket får de møta Magnus Helgerud og boka hans 100 ting jeg tenker på når jeg tenker på Romerriket. Visste du at romarane skreiv lover vi framleis lever etter, utførte kompliserte operasjonar og bygde kloakksystem som framleis er i bruk? Dette og mykje meir får elevane høyre om i årets morosamaste historietime. Velkomen tilbake til Romarriket!
9. klassingane har fått invitasjon til dette arrangementet.
Turneen blir arrangert i samarbeid med Norsk Litteraturfestival og Innlandet fylkesbibliotek.